fransk eksellense og absurditet

Jacquemus har gjort det igjen, og sjølv om antrekka frå denne visninga ikkje er blant mine favorittar, ser eg absolutt kvaliteten i arbeidet til den franske designaren. Og ikkje minst er det historieforteljinga som Simon får til. Eg har ikkje sett ein like god designar med forteljarstemme sidan Alexander McQueen, og eg håpar for Guds skuld Simon ikkje lid same skjebne.

Les mer
oppi nettet til Stine Hasla

Stine Hasla er den eine halvpart av paret bak fotobyrået HaslaLøkkeberg. Dei to damene tek draumande analoge foto av ein deilig miks natur og kultur. I tillegg lagar dei magasinet kontakt, der dei vidare lar ein draume seg bort i urban natur, interessante folk og vakre fotografi. Med alle desse kreative prosjekta, kva har Stine i handlenettet sitt?

Les mer
oppi handlenettet mitt

Handlenettet, tote bag, berenettet - kjært barn har mange navn. Og gud om det har blitt kjært for mange dei siste åra. Det er umogleg å gå nokon stad utan nokon med eit naturfarga berenett med noko hipster-trykk. Og det er forståeleg det - det er jo så praktisk. Av og til sitt eg og lurar på kva menneska på gata har oppi handlenetta sine. Om nokon har lurt på kva som er oppi mitt, er det berre å lese vidare.

Les mer
4 gode bøker frå norske forfattarar

I innspurten av bacheloroppgåva mi, bestemmer eg meg for å ta ei full veke med arbeid på bokhandelen - smart, Ola, veldig smart. Flaks for meg at eg er glad i å lese, og at eg overhodet ikkje kvir meg for å lese til bacheloren. Så når eg no sitt her, tenkte eg å kome med nokre tips til bøkar av norske forfattarar som eg håpar du kan ha like stor glede av som meg.

Les mer
ein slags ode til hipsteren

Hiptseren på tumblr anno 2014 som eg drøymde om å bli fins inni meg ein stad. No sit eg i “hiptserbakken” på løkka, etter å ha fritert hjernen min i vintage-butikkar, kunsthandverk og fancy kafear. Ved sidan av meg sitt ein skjeggete mann med runde briller som les Morgenbladet. Ein kan skimte at det er kunst- og kulturspalta han les. På mi andre side sette det seg nettop ein asiater med bart, som trykkar febrilsk på ein gamal Nokia. Det heile får meg til å sjå at hipsteren 2014 på ingen måte er død.

Les mer
Korleis få meir ut av kunst:

Difor har eg tatt meg friheita til å gjere greie for nokre punkt personen i gata kan bruke i møte med kunst, for å forhåpneltegvis kunne senke terskelen for å ut og oppleve kunsten. I denne analysa, stiller ein seg sjølv tre spørsmål som alle byrjer med kva. Kva ser eg? Kva assosierer eg? Kva føler eg?

Les mer
identitetskrise for Gucci

Fredag den 13. stod Gucci si første visning etter Alessandro Michele. Den tidligare designaren byrja i Gucci i 2015, og har sida den gong tredobla inntekta til Gucci. På mange måtar fekk Michele den klassiske Gucci opp og fram i det moderne lys og noko eg vil våge meg til å kalle ei av Gucci sine storhetstider. Så det er vanskeleg å ikkje være skeptisk til deira nyaste visning utan italienaren i spissen.

Les mer
eit halvår med dreiing

Som om ikkje kjennskapen eg hadde til tre som materiale var begrensa nok, så hadde eg endå mindre kjennskap til leire som materiale og dreiing som teknikk. Det opplevdes likevel som eit særs interessant semester når eg valte å arbeide med ein nokså lik teknikk, i to ganske ulike materiale.

Les mer
Tappenstreken

I dag gjekk eg min første tappenstrek. Toget på kvelden av nasjonaldagen som skal signalisere at dagen er slutt. Der skal ein gå 4 i rekka og marsjere i takt.

Venstre fot ned når stortromma slår, har eg fått beskjed om. Eg følgjer straumen.

Les mer
framlegg av skulptur med tittel "faen"

Konseptkunst har alltid interessert meg. Men arbeidet med skulpturen og konseptkunst har vore ein lang og slitsom prosess. Perioden har bydd på eksistensielle spørsmål og utfordra meg på kva kunst er. Aldri har eg opplevd ein slik type prosess, og eg klarer ikkje heilt sette ord på kvifor det har vore på denne måten. Men eg skal no ta dykk gjennom prosessen frå start til slutt.

Les mer
Hudpleie som ikke funker

Av og til må naturen gå sin gang. Av jord er vi kommet og alt det der. Er dette tanken bak at du ikke har startet med hudpleie enda? Da er du som meg, som tenkte at det ikke var poeng i, og at det kom til å koste lommeboka dyrt. Og selv om jeg har kjøpt dårlig hudpleie opp gjennom, har det gitt en effekt. Ikke den tenkte effekten, men trolig noe bedre - selvtillit.

Les mer
Tekst om det å vise kjærlighet

Kjærlighet er en sårbar ting. Og jeg vil si det er noe som kan vise hvor sterk en person er. Man blottlegger seg helt, noe som krever styrke. Man kommer med alt man er, og alt man har, noe som krever mot. Det åpnes et hjertekammer som tar stor plass og krever mye, det krever alt man er som person.

Les mer
voksent barn

Jeg har aldri følt meg så umoden som etter jeg ble 18 år. Voksen. Og jo lenger ut i året, jo nærmere jeg er å fylle 19, jo mer føler jeg meg som et lite barn. Ingenting er på plass. Hvem jeg er, hva jeg vil, hvordan jeg skal få det til.

Jeg har både plan B, C, D, E og F, men hva om jeg trenger en plan G, H, I og J også?

Les mer