znippen

View Original

naivitet til toppkarakter

“No som eg blir ferdig med bacheloren min, ventar ei usikker framtid. Eg skal ta pause frå studier og satse fult på eigne prosjekt for å sjå korleis det kan gå. Kunstkontaineren er eit av prosjekta eg skal arbeide med. I fleire forelesninger har me fått høyre at ein god entreprenør, er ein som er villig til å ta risk, så kanskje eg er ein god entreprenør då. Eller er eg berre dum og naiv? Det får tida vise.”

Dette skreiv eg i eit refleksjonsnotat som skulle inn til siste eksamen i bachelor-løpet kunst, design og handverk ved Høgskulen i Volda for eit år sidan. Notatet ga meg ein A i faget, og ei tru på at året som skulle kome var noko eg skulle få til med glans.

Planen var enkel: bruke pengane frå sommarjobb til å satse større på merket mitt, byrje å tjene pengar på det, og kome i gong med kunstkontainern. Etter jul skulle eg byrje å få litt inntekt, og innvilga midlar til kunstkontainern. Til sommaren skulle kontainern være oppe og gå og eg kunne leve lukkeleg i alle dagar…

Slik skjedde det: sommarjobben dekte kostnadane i nesten eit halvt år, før eg vart jule-hjelp på Kitchn frå november til desember. Då hadde eg rukke å få 9 avslag på støtte til kunstkontainern, og merket mitt fekk ikkje inn meir enn det gjekk ut. Eg fekk eit vikariat på ARK, og budde meir på Eid, enn i Seljord. På våren fekk eg avslag på rad og rekke, men klarte å skrape saman egenkapital nok til å kjøpe ein kontainer. Per idag har eg framleis ikkje noko pengar til å jobbe med kontainern, og eg har søkt master…

Sååå det gjekk ikkje etter planen... Og tida viser at eg er naiv. Men på sett og vis trur eg ein må være det. Det er litt som at fødande gløymer smerta ved å føde, for elles hadde ingen født igjen. Hadde eg visst kor vanskeleg det skulle bli, hadde eg aldri gjort det. Og med tida kjem eg sikkert til å gløyme kor vanskeleg det er, og prøve meg igjen.

Eg hugsar ein lærar på ungdomsskulen sa “du skal ikkje skulen stå i vegen for utdanninga di”. Og for ei utdanning dette året etter bacheloren har vore. Den største lærdomen eg har fått, er at litt naivitet kan føre ein lang veg - om ikkje på den stien ein hadde tenkt, så i hvertfall på ein anna ein, som kanskje er viktigare å gå. Det får også tida vise.