ULL

Det er ikkje utan grunn ein seier “ull er gull”. Ull er temperaturregulerande, og held på varmen på vinteren, og held deg sval på sommaren. Dei luftige fibra gjer ulla lett å reingjere - ofte treng ein berre å tørke av med ein klut, då skit ikkje trekk djupt inn i fibra. Ofte er det nok å henge plagget ut til lufting om det har fått ei vond lukt.

Ull er spenstig, og mistar sjeldan forma si. Ein skal derimot være forsiktig med vasking, då ull kan tovast. Det fins ulike behandlinger som hindrar dette. Til dømes er superwash-behandla ull laga med eit tynt lag plastikk over seg, slik at det ikkje blir tova. Det finst og uendeleg mange typar ull. Sovesveis brukar i hovudsak norsk ull. 

 

Alpakka

Kjem frå alpakkaen og er ein mjukare og meir “pusete” ull. Den er perfekt til finare og mjukare produkt som skjerf, tørkle og til baby og barn. I tillegg har den antibakterielle egenskaper slik som silka. Bør vaskast finere enn ull. 

Mohair

I motsetnad til saue-ull, er mohair tynn og glatt. Den tåler ikkje fukt like godt, men er til gjengjeld meir glansfull. Mohair er mjuk som silke, og slitesterk som ull. Ofte er mohairen, spesielt i garn, litt børsta, som gir den ein pusete effekt. 


SILKE

Dette luksuriøse fiberet var i nesten 3000 år ein kinesisk hemmelighet. Det seiast at to grekerar smugla nokre egg frå silkeormen i år 500 e.Kr., som blei byrjinga på europeisk silkeproduksjon. Den dag i dag, er det likevel austen som har størst produksjon av silke. 

Når ein ser produksjonen, skjønar ein kvifor silke er så eksklusivt. Dei tynne trådene frå kokongen er ikkje sterke i seg sjølve, men veva saman tåler dei meir. Den bleikes lett av sol, og er ømfintlig for svette og syrer. Silka har glans, og flagrer vakkert. Ikkje berre er den deilig mot huden, den har og antibakterielle egenskaper.

 

Sateng-vev

Denne veven resulterar i den mest glinsande og eksklusive silka. Sjølv om silke i seg sjølv er sterkt, er denne veven litt mindre sterk, og treng meir forsiktig handtering. Til gjengjeld får du ei glansfull silke, perfekt til plantefarging.

Twill-vev

Dette er vev-teknikken ofte bruka på dongeri-bukser. Det gir ein tekstur som gjer tekstilet sterkare, men silka sin glans kjem ikkje til sin fulle rett. Til gjengjeld krøller eit twill-veva silkeskjerf seg mindre enn andre.


Plantefarging

Denne eldgamle tradisjonen står på raudelista over gløymde handverk. Plantefarging brukar planter til å farge, enkelt og greit. Det kan være blad, røter, og anna vekster. Teknikken syt for 100% naturlege produkt, og heilt unike fargar og spel. Sjølv opplever eg plantefarga tekstil som meir “levande” enn kjemisk farga stoff.

Det er store forskjeller ved bruk av ulike fargeemne. Til dømes mistar fiber farga med blomar, ofte fort fargen, medan røter er meir fargesterke og lysekte. Men dette er det interessante, då produktet vil utvikle ein fin patina over tid, som er heilt unik.

For å ta best vare på noko plantefarga, bør du unngå å vaske i maskin. Pass på å ikkje få parfyme på, då alkoholen kan reagere med fargen. Når du ikkje brukar det, syt for at det ligg på ein plass utan sol, gjerne i posen du fekk silkeskjerfet ditt i.

 

Lin

Lin er laga av strå, og gjer eit robust, men deilig tekstil. Det er spesielt godt i skjorter på sommaren, då det er luftig og lett. Ein kan vaske og stryke linen, men ein del av dens karakteristikk er den skrukkete og avslappa utsjånaden. 

For å ta best vare på lin, bør du unngå syrer og alkohol. Unngå difor parfyme rett på stoffet. Sovesveis brukar lin til produkt med avslappa og bohemske uttrykk.


Bomull

Bomull er eit sterkt fiber som kan kome i mange former. Ein kjenner det mest frå dongeri og skjorter. I motsetnad til ull, lin og silke, er ikkje bomull like god temperaturregulator. Bomullen brukar lang tid på å tørke, men blir sterkare i våt tilstand. Den egnar seg ikkje til kroppsnære plagg som blir bruka ved mykje aktivitet, men passar ypperleg til finere plagg, og tilbehør som tåler god bruk. 

Ofte tålar bomull hardare vask enn andre fiber, og blir difor bruka i handkle, arbeidsklede og sengetøy som ofte vaskast. Bomullen er god i kombinasjon med andre fiber. Den vil til dømes styrke ulla, og gjere linen mindre krøllete. Mange av sovesveis sine vesker er laga i bomull, då det ikkje er elastisk og held formen når det ber tunge ting.

 

Hekling

Hekling er ein av få tekstil-teknikkar som ikkje kan replikerast av maskin. Der strikk kan gjerast av maskin, krever hekling så mange ulike vinkler, at det til no ikkje har kome ei maskin som kan gjere jobben. Difor får ein eit heilt unikt og handlaga uttrykk, som ikkje oppnås med andre teknikkar. 

Garnet ein brukar når ein heklar spelar inn, men hekling er litt elastisk. Ein kan manipulere tekstilet sine egenskapar og overflater ved ulike masker/sting. Hekling er ein mykje meir intuitiv måte å arbeide på, og har uendelege moglegheiter. Det er difor eg elskar det!