Ikkje lite er ein nettstad med alt om, frå og til små bedrifter
Ikkje lite vart oppretta då eg såg eit behov for ei ryddig og enkel oversikt for små bedrifter. Nettsida gjer at ein lettare kan støtte og handle frå små bedrifter. Ikkje lite er ei nettside, instagram-profil og facebook-side som formidlar små bedrifter og sel eit lite utval produkt frå dei. Ein del av nettsida er også ein medlemsportal med nyttige ressursar for dei som ynskjer å opprette eller utvikle bedrifta si.
Konseptet har blitt godt motteke og fått med seg mange små bedrifter på laget. Telemarksavisa laga sak om nettsida og det å løfte opp små bedrifter i september 2021.