BACHELOR I KUNST, DESIGN OG HANDVERK
Høgskulen i Volda, Ola G. Snippen, våren 2023
østenfor sol og
vestenfor måne
Naar solen gik ned, bredte ensomheden og stilheden sig over de lange moer, tyst og tæt. Og skogen gav os eventyret. Stort og stilt kom det smygende. Alt, som før stod stille, begyndte at røre sig.
- Th. Kittelsen
Kva gjer naturen så magisk? Kan eit magisk blikk på naturen hjelpe oss å ta betre vare på den? I denne oppgåva har eg sett nærare på kunsten til Theodor Kittelsen. Eventyrmålaren er kjent for magiske landskap der naturen kjem til live i form av troll, tusser og andre magiske vesen. Eg har utforska korleis hans kunstnarskap kan inspirere eit fotoprosjekt. Kan ein nyromantisk kunstnar frå Telemark, som levde for over 100 år sidan, bidra til at fleire kan sjå det magiske i naturen i dag?
Bakgrunn
Kvar sommar reiste eg og familien til ferieparadiset Jomfruland utanfor Kragerø. Når eg trengte eit pusterom, sneik eg meg ut og sykla åleine til Tårntjernet - eit mystisk tjern i hjartet av øya. Her satt eg og fantaserte, og kjente skrekkblanda fryd over alt eg såg. Det var ikkje før eg vart eldre og bevisst Theodor Kittelsen sin Nøkken, at eg forstod at det var nøkken eg hadde sett i tjernet.
Naturen har eg alltid sett som ein fantastisk stad. Som liten var eg redd mørket fordi eg såg så mange vesen i den. Jo eldre eg har blitt, dess meir har fantasien forsvunne og eg har vorte dårleg til å opphalde meg i naturen og sanse den. Målet mitt med prosjektperioden var å kunne få ein nærare relasjon til naturen igjen.
Problemstilling
Ved hjelp av eit FujiFilm kamera som simulerer analog film, har eg utforska naturen og korleis den kan opplevast magisk. Slik eg ser fotografi, handlar det om skapinga av fotografiet der og då, heller enn redigering i etterkant. Difor har eg stor kjærleik for det analoge. Kameraet vil ikkje erstatte film-fotografiet, men gjer det mogleg å kunne forhalde seg til fotografiet som verktøy på nesten same måte.
Gjennom problemstillinga ynskjer eg å finne ut korleis Kittelsen sine verk og tankar rundt natur kan inspirere til å skape kunst i og av naturen. Eg skal gjere greie for teori og metode nytta, og drøfte korleis fotografiet kan fange magiske augneblink i naturen.
Korleis kan Kittelsen sitt natursyn, slik det kjem fram i hans kunst, inspirere eit foto-prosjekt om det magiske ved naturen?
Kittelsen sitt kunstnarskap spenner breitt, og denne oppgåva fokuserer på motiva av landskap med noko kroppsleg i seg. Dette kan være skikkelsar, vesen eller skapningar. Fotografiet er nytta som vegen til eit resultat, og det er difor lite fokus på lukkartid, blender og anna teknisk som omhandlar handverket. Kameraet har eit fast objektiv med 35mm brennvidde, som er det same som auga våre. Fotografiet blir uttrykk for mitt blikk på naturen og det magiske i den.
Metode
Gjennom litteratursøk har eg gjort meg kjent med materialet og emnet. Slik fann eg kunstnarar, prosjekt og litteratur inspirert av folkeeventyr, for å sjå kva som finst rundt temaet allereie. I litteratursøka stilte eg spørsmålet: korleis brukar kunstnarar folkeeventyra som inspirasjon i samtida? Gjennom søket fann eg fleire interessante prosjekt og kunstnarskap.
Det er umogleg å vere objektiv i ei verd som alle møter med ei eiga forståing (Halvorsen, 2016, s. 21). Bevisstheita er aldri tom, og alltid retta mot noko (Nilsen, 2017). Fenomenologien er ein kvalitativ metode som viser til korleis forskaren si deltaking i prosjektet sjåast i samanhengen dei har oppstått, der målet er å få fram den subjektive opplevinga. I slik forsking er det viktig at forskaren sjølv tydeleggjer si rolle, slik at den ikkje lesast på objektivt grunnlag. Difor er det viktig å påpeke min bakgrunn, rolle og ynskjer gjennom prosjektet. Den subjektive opplevinga av fenomen er ei forutsetning som kan hjelpe oss å få forståing.
I det praktiske arbeidet, har eg vandra ute og fotografert. «Feltarbeid er en av de forskningsmetodene som krever størst personlig tilstedeværelse av forskeren» (Næss & Pettersen, 2017, s. 88). Det var viktig å vere i rette tankesett før feltarbeidet. Fotografia blei dokumentasjon på kva eg hadde sett, medan logg vart dokumentasjon på kva eg hadde opplevd og følt. «Gode feltnotater er essensielt for å tolke informasjon og skrive ned analytiske funn slik at det kan stille utgangspunktet i et nytt lys» (2017, s. 94). Mine loggnotat inneheld både observasjonsnotat, analytiske notat og metodenotat. Næss og Pettersen skriv vidare at datainnsamlinga er ein kreativ prosess som beveger seg mellom observasjon, refleksjon og tolking (2017, s. 95). Denne runddansen har vist korleis eg som forskar gjeng fram og tilbake i materiale og refleksjonar, og at datainnsamling og analyse ikkje er ein lineær prosess.
Å ta seg friheita til å tolke ein kunstnar sitt syn på gitt tema, kan være problematisk. Det hadde vore enklare om Kittelsen hadde skrive ned sine tankar i ei dagbok, eller var ein meir offentleg person, men han haldt seg mykje for seg sjølv (Koefoed & Økland, 1999). Til gjengjeld er dette noko av det interessante. Det å prøve å forstå ein person, for å gjere eit eige arbeid inspirert av det, vil være til stor nytte ved seinare kunstnarisk praksis og kreativt arbeid. Ved å bruke meg sjølv og mine refleksjonar etter ein fenomenologisk metode, håpar eg at oppgåva kan være til inspirasjon for andre som ynskjer å finne tilbake til naturen.
Teori
Syn på naturen
«Vi bliver skov bliver vi» er ein artikkel skriven av Helene Illeris, som er professor i humaniora, nyare kunst og didaktikk ved Universitetet i Agder. I artikkelen tek ho oss med på reise til ein land-art-festival for å utforske kunstnarisk praksis i naturen. Ho skriv om ulike natursyn og presenterer tre vesentlege omgrep:
Økologisk intimitet: handlar om å tune seg inn på ting og landskap som oss menneske eksisterer saman med. Når ein arbeider i naturen, meiner Illeris det er viktig å innsjå at eit stykke natur, til dømes ei grein, har ei eiga tid, historie, tekstur og eksistens. Ho stiller spørsmål som «kor kjem det frå?», «kva vil det oss?» og «kva skjer når me røyrer ved det?». Denne intimiteten har eg søkt i feltarbeid, ved å stille meg sjølv desse spørsmåla.
Økologisk solidaritet: handlar om å anerkjenne at verda og tinga ikkje er til berre for oss. Ting i naturen lever sitt eige liv og må respekterast for det. Illeris skriv at ein gjennom solidaritet kan sjå at alle ting er ein del av oss sjølve. På mange måtar har eg møtt meg sjølv i naturen, og innsett korleis eg, er ein del av den, hverken under eller over.
Økologisk magi: beskriv Illeris at er den forma for merksemd der dei kunstnariske faga kjem til sin rett. Det handlar om korleis me kan gi verda liv utan å øydelegge ho. Ho seier at nokon vil kalle dette for realisme, heller enn magi, men peiker seinare på at ho ser det magiske i at me menneske er i verda og på jorda. Det er dette omgrepet som er tydeleg i Kittelsen sin kunst, og det same eg søker i mine vandringar og fotografi.
Mykje av dagens tankegong er eit resultat av skulens lærarplanar som har eit antroposentrisk syn (Illeris, 2022). Dette er eit syn om at mennesket står i fokus i relasjonen til naturen, i motsetnad til økosentrisk som handlar om korleis mennesket kan leve i takt med den. Det er det økosentriske synet eg deler. Illeris skriv det er viktig å utfordre det antroposentriske synet, og samtidskunsten er allereie i gong med å utforske kva ei økosentrisk inngong til berekraft kan bidra med. På same måte som Kittelsen, ynskjer eg å få fram korleis naturen ikkje er der for oss til å bruke, men som eit tosidig omsorgsforhold der me tek vare på kvarandre.
Avfortryllinga av naturen
Filosof Sigurd Hverven skriv i si bok om naturfilosofi at avfortryllinga av naturen skjedde gradvis. Menneska gjekk frå å sjå naturen som overtru, til å sjå den med vitskap, der alt har ei logisk forklaring (Hverven, 2018, s. 45-46). Han skriv vidare at «avfortryllingen skyver naturen fra en posisjon over mennesket, (...), til en posisjon under mennesket». Dette handlar om det antroposentriske synet. «Verden tømmes da for egen mening og verdi, og det blir opp til mennesket å fylle den igjen.» (Hverven, 2018, s. 47). Slik eg tolkar dette, handlar det om korleis mennesket må sjølv finne ei meining med naturen og korleis å forhalde seg til den. «Når naturen slutter å være guddommelig, opphører den også å være menneskelig» (Hverven, 2018, s. 47). Dette peikar til det Illeris skriv om økologisk magi, at det er korleis mennesket oppheld seg i naturen, som gjer den magisk.
Naturen som arena for kunst
«Levende Spor» (2011) av Jan-Erik Sørenstuen handlar om «å oppdage naturen gjennom kunst, og kunsten gjennom natur.». Sørenstuen er sjølv kunstnar, forfattar og tilsett ved Universitetet i Agder. I boka gjer han greie for historia til natur-kunst-retninga og hans ulike prosjekt, som har vore til inspirasjon i mitt eige arbeid. Han har fokus på barn og deira skapande leik i naturen, og korleis filosofiar har tenkt rundt dette. Det er den fantasirike og barnlege kreative leiken han skriv om, som eg ynskjer å finne tilbake til.
Magisk realisme
Som nevnt tidlegare skriv Illeris at mange vil kalle det realisme, det ho kallar magisk, og eg ser koplinga mellom dei to orda interessant – realistisk magi, eller magisk realisme. «Magisk realisme er en litterær sjanger der overnaturlige fenomener finner sted i en realistisk og jordnær handling. Tanken bak magisk realisme er at elementer av det utrolige, det fantastiske, det magiske og himmelske er en del av «hverdagsrealismen», uten at fenomenene virker unaturlige. Det magiske er rett og slett en integrert del av virkeligheten.» («magisk realisme», 2023). Omgrepet blir stadig utvida til andre sjangrar innan kunst, og difor tør eg å samanlikne Kittelsen sine illustrasjonar med kjenneteikn i denne retninga. Han får det overnaturlege til å opplevast naturleg. Det er denne kjensla av noko kvardagsleg som spesielt, og magisk, som eg ser etter i fotografia mine.
Fotografiet som medium
Filosofen Vilém Flusser skriv at det tekniske biletet, fotografiet, vart oppfunnen for å kunne gjere tekst forståeleg igjen og for å kunne «put them under a magic spell» (2000, s. 13). Slik eg tolkar dette, handlar det om korleis tekst utelukkar ei mengde av verdas befolkning som ikkje kan lese, medan fotografiet er noko alle kan lese. Han skriv vidare at om all tekst skulle bli uforståelig, har historien komen til sin slutt, for då er det ingenting meir å fortelje. Ved å fotografere det magiske i naturen, kan ein fortelje historia om verda og menneska, og la denne historia halde fram, gjennom dei tre begrepa Illeris gjer greie for – økologisk intimitet, solidaritet og magi.
«Fotografiet som medium» av Magnar W. Fjørtoft (2019) gjer greie for korleis ein kan tolke fotografiet, og korleis ein skal orientere seg i den sterkt visuelle verda me lever i. I boka presenterer han måtar å beskrive foto, dekode dei, og visualiserer korleis ein kan nytte mediet til å formidle. Denne boka har eg nytta som ressurs for å tolke fotografiet analytisk. Sørenstuen skriv at ved å dokumentere gjennom foto kan me bruke det me har gjort til å reflektere, analysere og skape vidare (2015, s. 20). Ved å bevisst bruke denne arbeidsmetoden, kan eg bli klokare på eige forhold til naturen og korleis eg stiller meg til den.
Visuell grammatikk og analyse
For å sette ord på visuelle verkemiddel og begrep, nyttar eg Leborg og hans tankar om visuell grammatikk (2004). Mørstad (2000) sine prinsipp om analyse har vore nytta når det kjem til å analysere Kittelsen sine verk, i tillegg til samtidskunsten som refererer han. Samtidskunsten har eg analysert i lys av Kittelsen sine verk, og det har kome fram fleire direkte samanlikningar (vedlegg 2 og 4). I analyse av eigne fotografi, laga eg analyseskjema med nøkkelspørsmål knytt til problemstillinga. Det viktigaste har vore å sjå bileta med magisk blikk.
Inspirasjon
Theodor Kittelsen levde frå 1857 til 1914, som var ei tid prega av kjærleik for det nyleg sjølvstendige Noreg, då nasjonalromantikken og nyromantikken blomstra (Følstad, u.å.). Eg deler denne kjærleiken for den norske naturen og nasjonen. Det fascinerer meg korleis Kittelsen formidlar og uttrykker det magiske ved naturen. Eg opplever naturen, og været, som ei enorm kraft. Naturen bryr seg ikkje om oss menneske. Det skjer naturlege prosessar, som jordskjelv, skred og liknande, som me menneske vel å kalle «naturkatastrofar». Dette ser eg som magisk i naturen - korleis den er ei enorm kraft. Det gir meg stor respekt for den, og det inspirerer meg.
Kittelsen sin kunst og natursyn
Det er lite å finne om Kittelsen sine tankar om naturen. I brevveksling med Sam Eyde, skriv han om Svelgfos-serien, men Eyde var ein stor kunde, og eg stiller meg difor kritisk til kva tankar Kittelsen faktisk hadde om Eyde sine planar om inngripen på naturen. Det kjem fram i eit brev til ein god ven (Ms.fol 4216, u.å.) at Kittelsen er frustrert over mangelen på arbeid og pengar, og ein kan slik forstå at han var avhengig av dette oppdraget for å forsørge kone og barn.
Uansett sikkert, er Kittelsen sin kjærleik for naturen. Naturen er gjennomgåande i motiva hans, og sjølv om fleire av verka inneheld menneske, er det sjeldan som hovudfokus. I motsetnad til Munch som måla mennesket og deira kjensler, måla Kittelsen naturen sine kjensler og indre sjeleliv. Sjølv om fleire av verka inneheld mørke og skumle vesen, har han ei romantisk tilnærming til naturen. Dette kunne forskar Målfrid Vangen ved Telemark Kunstmuseeum fortelje meg under utstillinga «Human Nature» som mellom anna viste Kittelsen sin Svelgfos-serie (personleg kommunikasjon, 21.4.2023).
Naturen som levande
I fleire av verka til Kittelsen ser ein ikkje vesena med ein gong, då dei er godt integrert i landskapet. To gode døme på dette er «Svelgfos» og «Nyttårsløyer» som begge viser norske landskap, der ein etterkvart legg merke til skikkelsar i fjellsida og tre som minner om menneske til hest. I desse døma nyttar han liten lys-mørk kontrast i partia med vesen. Det gjer at skikkelsane ikkje synast ved første augekast. Til og med forskar Vangen oppdagar stadig nye skikkelsar (personleg kommunikasjon, 21.4.2023). Fleire døme: «det rusler og tusler, rasler og tasler» 1900, «kornstaur i måneskin» 1900 og «de syv søstre» 1888 (Koefoed & Økland, 1999)
Jens Hauge
Den norske fotografen arbeider med analogt svart-kvitt foto av natur og landskap. Eg fann det interessant korleis han fotograferer tilsynelatande kvardagslege motiv, som ved nærare augekast kan minne om skikkelsar og vesen. Han viser dei same landskapa som Kittelsen, der ein må sjå lenge, for å oppdage skikkelsane som skjuler seg i dei. Det er tydlege referansar til folkeeventyra (vedlegg 1 og 2). I analyse av Hauge sine fotografi, fann eg fleire avbildingar av Nøkken.
«eyes as big as plates»
Den norsk-finske kunstnarduoen Karoline Hjorth og Riitta Ikonen har arbeid med prosjektet i snart 12 år (About Eyes as Big as Plates, 2013). Det starta som ei undring om folkeeventyra har relevans i dag. Duoen skaper analoge fotografi av modellar, i skulpturar laga av naturmateriale frå staden dei er fotografert. Fleire av bileta skjuler skikkelsane og spelar på den same mystikken som Kittelsen. Mange av fotografia har direkte referansar til verk av Kittelsen (vedlegg 4). Dette prosjektet finn eg utruleg inspirerande, og eg har følgt dei sidan start. Bileta i seg sjølv er vakre, og naturlege og magiske på same tid. Dei oppsummerar det Illeris beskriv i sine begrep.
Presentasjon av praktisk arbeid
Kameralinsa som verktøy for erkjenning
“Visuelle inntrykk behandles i hjernen og gir grunnlag for handlinger uten at sanseinntrykkene i det hele tatt er i kontakt med bevisttheten” skriv Fjørtoft (2019, s. 70). Vidare skriv han at “(…) vår oppfatning av verden rundt oss er vår egen tolkning av disse inntrykkene». Det vil være umogleg å objektivt beskrive estetiske opplevingar i naturen. Mitt møte med naturen er i høgste grad personleg. Eg nyttar kameralinsa som verktøy for erkjenning av det magiske i naturen.
Loggnotat frå første vandring i skogen:
Det ligg framleis sno på bakken i ekle grå haugar, og det ein kan skimte av bakken under, er brun våt søle. På øyret har eg albumet “i Dovregubbens hall” med Royal Philharmonic Orchestra og den første songen som kjem er “morgenstemning”. Eg har berre ein øyrepropp i for å høyre naturen med det andre øyret. Fuglane kvitrar og med oppbygginga i “morgenstemning” kjenner eg det også bygger seg opp håp i meg. Ei glede over våren som snart kjem, grønt gras og frodige tre. Eg har med meg kameraet og tenker ukritisk over kva eg fangar, og korleis eg fangar det.
Ved å vere bevisst mi eiga estetiske oppleving, klarte eg å sette ord på den. Det opna blikket mitt for kva som kan være levande og magisk i naturen. Og plutseleg er det noko som opnar seg.
Det er berre meg i skogen, og med den eventyrlege musikken på øyret og sola som skin, opplever eg skogen kjem til live. Kameraet fotograferer rotvelter, steinar med lav og sollyset som blinkar i elva. Det er som om eg fotograferer gamle kjente, gamle vener. Dei har pynta seg til eg kjem, og sjølv om dei ikkje har rydda rundt seg, er dei glade for å sjå meg. Eg kjenner meg nesten heime i Telemark att.
Kjensla av å føle seg som heime til trass for at ein er timesvis heimanfrå, trefte meg uventa. Det vart ei sterk og rørande oppleving. Eg kjente eit skifte i forhaldet mitt til naturen – det blei som ei lita reise heim. Kameraet var det som opna blikket mitt for noko eg tidlegare ikkje hadde sett.
Fantasien – teikning med lys
Sørenstuen skriv at ordet fantasi kjem av gresk for «å bringe fram i lyset» (2011, s. 121). Fotografi kjem og frå gresk og tyder «teikne med lys» (Pihl et al., 2022). Denne koplinga opplever eg interessant i samanheng med oppgåva. «Fantasien gir seg uttrykk gjennom vår evne til å bruke erfaringer og indre bilder i fri lek og skapende virksomhet (...)» (2011, s. 121). Mitt blikk gjennom fotografiet, kan fange min fantasi på ei flate - eg bringer magien fram i lyset, ved å teikne med lys.
Å sjå det magiske
Fjørtoft skriv at «vi er så vant med å se fotografier at vi tar avbildningene for gitt» (2019). Kanskje kan det same relaterast til naturen. Den ser dei fleste av oss kvar dag, og kanskje me difor tek den for gitt? Filosof Flusser beskriv i si bok «towards a philosophy of photogaphy» at magi er «a form of excistence corresponding to the eternal recurrense of the same» (2000, s. 84). Han fortel at det betydelige i fotografiet, er det som gjer det magisk. For meg er det magiske vanskeleg å definere - noko som gjer det magisk.
Fargerikt eller fargelaust
I arbeidet har eg latt det stå ope om fotografia skal være ubehandla, redigert, i farge, eller svart-kvitt, for å kunne nytte verktøya til å best formidle opplevinga av naturen. Ein kan sjå i Hauge sin serie «organic shapes» (Jens Hauge - organic shapes, u.å.) at han nyttar svart-kvitt foto for å formidle tekstur, overflate og det taktile. Fotograf Eline Mugaas seier i «kunstpodden» at svart/kvitt foto krev meir av betrakteren sin fantasi, då gjenkjennelseselementet farge, er borte frå motivet (Tyri Holt, 2022). I mine utforskingar, har eg vore bevisst korleis farge mot svart/kvitt skaper ulike uttrykk. Som nemnt syns eg det er skapinga av fotografiet som er sjølve fotografiet, difor har eg hatt relativt lite fokus på etter-redigering av bileta.
Fotoet over tok eg av nysgjerrigheit over rotet ein skog kan vere, og korleis format kan endre dette. I dømet opplever eg at ved å fjerne fargen i biletet, blir det ryddigare. Det har overflod av former, og ved å fjerne fargen, kan ein rette større fokus mot form og tekstur. På den måten opplever eg biletet meir magisk. Handlar det om personleg smak? Eller at det er enklare å tolke eit bilete med færre gjenkjennelseselement når det har så mange former?
Utfordringar ved fotografiet
Fotografiet er i aller høgste grad flatt, og opplevast på mange måtar meir komprimert enn til dømes eit måleri (Fjørtoft, 2019). Alle dimensjonane ein opplever ute i naturen, er vanskeleg å omsetje til ei flate. Dette skapar utfordring når ein skal uttrykke noko såpass sanseleg. Målet er dog ikkje å erstatte den estetiske opplevinga i naturen, men inspirere til å oppleve den sjølv.
Analyseskjema av eigne foto
I motsetnad til Mørstad (2000) sine prinsipp om visuell analyse, søker denne oppgåva det magiske, som i aller høgste grad er subjektivt. Det handlar om å tenke gjennom kva briller ein har på når ein analyserer. I analyse av eigne foto, har eg fokusert på mitt blikk, og stilt følgande nøkkelspørsmål:
- Kva med dette motivet fekk meg til å ville fotografere det?
- Korleis tilnærma eg meg fotografiet/motivet? Intuitivt eller analytisk?
- Kva er magisk ved biletet, eller settinga biletet vart skapt?
- (Subjektivt) Kva kjensler/assosiasjonar får eg når eg ser motivet i etterkant?
- Får eg assosiasjonar til Kittelsen? Eller hadde eg det når eg tok det?
Mine favorittar
I og med at prosjektet er såpass subjektivt, har eg valt meg nokre favorittfotografi frå perioden. Desse kan være foto eg opplever som gode tekniske, motivet er interessant, eller at det vekker noko i meg. I lys av problemstillinga og analysene har eg gjort små oppsummeringar til kvart bilete. Eg har valt å gi bileta titlar med direkte koplingar til Kittelsen sine verk. Dette knyt mine biletuttrykk til hans arbeid.
«et berg av skinnende gull» s. 19 (vedlegg 10)
Dette biletet vart til etter ein lang, kjip dag, der eg tok ein stopp langs vegen fordi sola var så fin. Eg vart blenda av korleis lyset skinte gjennom vatnet og fekk det til å sjå ut som rennande gull. For å kunne forevige opplevinga, gjekk eg analytisk til verks for å best formidle den. I den augneblinken kjente eg på ei magisk kjensle, då naturen viste seg frå ei så vakker og sjeldan side. Dette var første gong eg kjente ideen om dei tre begrepa til Illeris på kroppen.
Opplevinga av naturen som det magiske, syns eg personleg er sterkast i dette fotografiet. Det handlar om fargane og det tekniske og analystiske, men kanskje aller mest om den kjensla skapinga av fotografiet gav meg. Som nemnd, hadde eg ein dårleg dag, men det å vere vitne til naturen som viste seg frå denne sida, og i tillegg vere handverksmessig god nok til å fange det, endra dagen min. Eg opplevde at naturen gjorde dagen min betre – og det er ganske magisk.
«morgenstemning» s. 20 (vedlegg 12)
Dette fotografiet var teke same dag, og oppleves på mange måtar likt. Sollyset kastar eit slør over landskapet, og minskar kontrasten mellom lys og mørk, på same måte som Kittelsen ofte bruka i sine verk. Kontrasten mellom det varme og den kalde blå himmelen er slåande og frisk. Ein kan nærast kjenne den deilige varme lufta og brusinga i trea. Denne opplevinga gav meg nær intimitet og solidaritet til landskapet (Illeris, 2022). Eg opplever det magiske som stemninga i biletet, den magiske realismen, og korleis sola visar fram naturen ved å framheve fargar og sløre til formene. Tittelen viser til Grieg sitt verk, som gir meg den same magiske kjensla.
«Vinjefurua» s. 22 (vedlegg 7)
Tittelen er ein referanse til ei teikning av Kittelsen, der han teiknar eit ansikt i ei rotvelt. Ansiktet er gamalt, mystisk og litt skramande, men forlokkande. Det same opplever eg i dette fotografiet. Ute på vandring fekk eg ei dragning mot motivet, utan at eg visste kvifor. Det var ikkje før seinare at eg innsåg at motivet kunne førestille ei hand. Den økologiske intimiteten, og magien, står sterkt i dette biletet. Eg opplever det som at motivet vil fortelje meg si historie.
«et skogtroll» s. 22 (vedlegg 15)
Teke på ei av dei siste vandringane, opplever eg det interessant korleis eg truleg ikkje hadde sett det same eg ser no, då, i dette motivet. No ser eg er stor klo som søker etter noko. Kva den søker, veit eg ikkje, men det minnar meg om eit verk frå Kittelsen med tittelen «et skogtroll» som viser nettopp det – eit troll som brøytar seg veg gjennom skogen.
«skogtrollet» s. 24 (vedlegg 11)
Tittelen er kopla til verket av Kittelsen. Fargane og stemninga syns eg liknar, i tillegg får sola ei kopling til trollets auge i det opprinnelige verket. Sola og det varme lyset bryt opp linja i trestamma og skaper kontrast mellom områda med skygge og kalde farger, og der sola skin. For meg oppleves det magisk grunna det vakre lyset som treff sjåaren.
«treet som grunner på hvor gammelt det er» s. 25 (vedlegg 13)
Dette biletet opplever eg rikt. Det er mykje detaljar, tekstur, fargar og interessante former. Eg undras kven som bur i dette treet, eller om rota i seg sjølv er eit vesen. Det spelar på den økologiske intimiteten og magisk realisme. Biletet er delt i tre, røtene, bakkenivå og stamma av treet. Delt nøyaktig og stramt, og oppleves biletet ikkje rotete for meg. Dette er eit fotografi som eg kan sitte og studere og oppdage nye ting og fantasere meg bort i, slik som eg kan gjere med Kittelsen sine verk.
«temme uhyret» s. 28 (vedlegg 8)
Tittelen er kopla til Svelgfos-serien, der Sam Eyde snakka om korleis ein kan temme ein foss for å kunne gi oss menneske energi (Ms.fol 4216, u.å.). Det antroposentriske synet han hadde, fekk Kittelsen til å kalle verket for eit uhyre som me må temme. Denne tankegongen utfordrar eg med dette biletet, då eg stiller meg kritisk til å kalle naturen for eit uhyre. Ved å bruke lang lukkartid, får ein fanga den enorme krafta i vatnet. Dette er ein favoritt, då det utfordrar det antroposentriske synet, ved å spele på det tekniske i fotografiet som medium, og uttrykker både magisk realisme og økologisk intimitet (Illeris, 2022).
«den bundne drage» s. 28 (vedlegg 6)
Også dette har ein tittel kopla til Svelgfos, men meir positiv. Likevel når eg ser på biletet, får eg litt vondt av skapningen som er avbilda. Det ser ut som stubben, som kan minne om ein drake, har vondt eller er i sorg. Gjennom økologisk intimitet og solidaritet lurar eg på kva treet føler.
«nostalgi» s. 29 (vedlegg 9)
At fotografiet ikkje er i fokus, var ikkje planlagt. Det er likvel ein favoritt, då eg opplever at eg fanga lyset og blikket eg hadde akkurat den augneblinken. Teksturen og det mystiske, er med på å skape spenning. For meg, er det lyset, teksturane og det uklare som gjer fotografiet magisk. Naturen er liksom blitt uklar, og det gjer betraktaren moglegheita til å sjå fargane på ein anna måte, enn om biletet hadde vore klart. (vedlegg 11).
Nokre direkte assosiasjonar til Kittelsen, eller dei andre inspirasjonskjeldene, får eg ikkje. Fotografiet har eit element av gjenkjennelse, - me har alle har sett opp mot sola gjennom trea i skogen og blitt blenda av synet, så me ikkje klarar å sjå klart. Det minnar meg om den nostalgiske og barnlege fantasien ein hadde som liten, som eg gjennom oppgåva har prøva å finne tilbake til. Fotografiet opplever eg som eit vakkert minne frå heile perioden, og slik magisk.
Funn i prosessen
Gjennom prosessen har eg funne det magiske, fantasirike blikket, og gjort nokre observasjonar og tankar når det kjem til det magiske i naturen og fotografiet. Lys opplever eg som det mest effektfulle verkemiddelet. Når lyset treff på ein spesiell måte som det sjeldan gjer, kan dette opplevast magisk («et berg av rennende gull», s. 19). Men er det magiske synonymt med noko sjeldan? Det ordinære kan også vere magisk, slik som den magiske realismen fortel oss. Lyset er sjølve fotografiet – utan lys, ingen foto, og difor tør eg seie det er det viktigaste verkemiddelet.
I utforskingar med overskya vær, som gir eit flatt og nøytralt lys, oppdaga eg korleis lyset gjer det enklare å formidle det magiske. Å utnytte flatt lys krev meir, men opnar opp for kreativitet på ein måte der ein må tenke motiv, tekstur og komposisjon annleis. Eg opplever at ein med fint lys, får mykje gratis. Fleire av utforskingane mine viser korleis lite lys gjer at fotografiet oppleves flatt, det er vanskelegare å skilje framgrunn og bakgrunn, og desse fotografia opplevast for meg ofte rotete.
Om dette fotografiet hadde hatt større kontrast mellom der lyset treff, og skuggane blir kasta, trur eg det kunne framheva den gripande forma i midten av biletet. Samstundes, kunne det mista den mystiske og mørke stemninga som kjem frå mangelen på direkte lys. Biletet er interessant kanskje nettopp fordi det er rotete og gjer at ein kan sjå masse i det?
Kameraet har liten skjerm, så gjentatte gongar såg eg noko anna i biletet på kamera, enn når det vart blåst opp på datamaskin. Storleik og format har stor innverknad. Synne Skjulstad skriv at «mediet teksten formidles gjennom, har innvirkning på selve formidlingen» (2017, s. 45). Det å printe ut foto og sjå i stort format, gjer at ein ser form, tekstur og storleik på ein anna måte. Taktiliteten ved å halde eit fysisk fotografi, spelar også inn på opplevinga av det, sjølv om det er flatt, og ikkje kan, eller skal, erstatte den estetiske opplevinga av å vere i naturen.
Til å byrje med, hadde eg ei sperre for å fotografere kvist, tre og andre keisame landskap. Sperra kom frå å ha vekse opp i ein familie utan forhold til kunst, berre handverk. For å tilfredstille den indre kritikaren, tenkte eg at det måtte vere noko meir enn berre fotografi. Eg hadde planar om å iscenesette både modellar og skulpturelle verk for å formidle det magiske ved naturen, litt slik som Hjorth/Ikonen. Men på eit tidspunkt skjedde eit skifte, der eg inngåg at fotografiet var nok i seg sjølv. Det som utløyste denne erkjenninga var kanskje at eg fann tilbake til den barnlege fantasien og såg meir enn berre kvist og landskap på mine vandringar og møte med naturen..
Gjennom prosjektet møtte eg ei uventa utfordring. Eg fann det vanskeleg å skape noko eige, etter å ha dykka djupt i inspirasjonsmateriale som eg har stor respekt og fascinasjon for. Det oppstod ei frykt for å ikkje klare å skape noko «bra nok», i forhold til inspirasjonen. Dess fleire vandringar eg tok, og dess nærare relasjon eg fekk til naturen, innsåg eg at målet mitt ikkje er å heidre Kittelsen, men skape noko eige ut av min kjærleik for naturen, i hans ånd.
Det har vore utfordrande å skulle sette ord på det magiske ved naturen, då opplevinga av både det magiske og naturen er så individuelle. Den tyske filosofen Ludwig Wittgenstein meinte at «Filosofien er en virksomhet som skaper klarhet ved å trekke grensen mellom det som kan sies i språket og det som bare kan vises. Forsøk på å si det som bare kan vises, fører til språklige meningsløsheter» (Svendsen, 2023). Kanskje vil det vere umogleg å sette ord på desse opplevingane? Difor kan fotografiet åleine vere ein relevant måte å formidle dette på.
Konklusjon
Ved å sette seg inn i kunsten til Kittelsen og nytte den som inspirasjon til eige arbeid, har eg fått ein nærare relasjon til naturen. Eg har vist korleis Kittelsen kan inspirere eit fotoprosjekt, gjennom å analysere og tolke hans verk, for så å nytte dette blikket til å skape eigne fotografiske arbeid. Han har inspirert meg til å sjå det magiske og sjå naturen som levande med eit indre sjeleliv. Eg har funne tilbake til det barnlege og fantasirike blikket eg hugsar eg hadde som liten. Dette fordi eg har lært meg å kunne skru av og på blikket, og være sansevar ute i naturen. Gjennom prosessen har eg og blitt betre kjent med fotografiet sine utfordringar.
Eg har merka stor forskjell frå første gong, til siste. Det er som eg skriv i første loggnotat, at naturen opnar seg opp for meg og fantasien får utfolde seg. Eg trur ein kan vedlikehalde denne fantasien, og blikket, i vaksen alder. Det ynskjer eg, fordi det tilfører livet og kvardagen min magi og meining.
Då Kittelsen døydde skreiv hans gode ven Christian Skredsvig: «det blev tomt efter Kittelsen. (...) Selv Trollene blev borte for bestandig. Ialfald har ikke jeg set dem siden» (Koefoed & Økland, 1999, s. 262). Forskjellen frå første vandring med kameraet, til den siste for denne perioden, har vore større enn eg såg føre meg, og eg gler meg til å sjå kva som kjem. Kittelsen ga oss naturen i all si magiske prakt og fortrylling, og eg har lyst til å finne tilbake til den barnlege fantasien me alle har, og finne trolla som forsvann.
Takk for meg.
There are only two ways to live your life. One is as though nothing is a miracle. The other is as though everything is a miracle.
- Albert Einstein