ein tanke på nyåret

Nobody can advise you and help you, nobody. There is only one way. Go into yourself.

Dette skreiv forfattaren Rainer Rilke i eit brev til ein ung poet i 1903. Den unge poeten har spørt han om kritikk på nokre tekstar han har skrive - det får han ikkje. Istaden får han ei rekke brev av forfattaren med råd og erfaringar og refleksjonar om livet, skriverkunsten og kunsten som er livet.

No har eg budd på eit lite småbruk, åleine, i over eit halvt år. Eg flytta hit for å leve av kreativiteten min. Likevel får eg det same spørsmålet gong på gong på gong: “har du fått deg jobb no da?”. Som om eg ikkje jobbar døgnet rundt allereie.

Sjølv om ingen har sagt det til meg direkte, kjenner eg kritikken og skepsisen. At kunst, det er vel ikkje noko å leve av? Kvifor må du det? Korleis skal du tjene pengar? Mange år har eg sabotert for meg sjølv ved å prøve å minske skapergleden, til ein hobby.

Rilke skriv til den unge poeten at han må gå inn i seg sjølv: “admit to yourself whether you would die if it should be denied you to write.” Dette gjorde eg, og spørte meg sjølv, MÅ eg skape?. JA. “then construct your life according to this neccessity”.

Så det er det eg gjer. Nokon vil kalle meg egoistisk, naiv, svevande, utan fotfeste. Men så mange kreative, kunstnarar, forfattarar og skaparar har gjort det før meg. Og så mange har falle av og gitt opp før meg, og eg vil høyre til den første gruppa - dei som haldt ut, ja, dei som måtte skape for å leve, slik som Rilke seier.

A work of art is good if it has arisen out of neccessity.