oppskrift på farmors tørkle
oppskrift på farmors tørkle
29,00 kr
Dette vesle skjerfet kan alle klare å strikke. Det strikkast i tjukt garn, og er det perfekte prosjekt for nybyrjaren. Tørklet er smalt med elegant kant og kan brukast rundt halsen, i håret, eller som sløyfe. Du tilpassar enkelt kor langt du vil ha det sjølv. Her er moglegheitene mange, og tørkla blir fine gåver.
Du treng:
eit nøste tjukt garn
2 strikkepinnar
Er du heilt ny til strikk anbefaler eg garna på Europris. Iglo på pinne 5, eller kombinasjon av Maya og Superwash på pinne 7. Om du slit, kan du sjekke ut denne sida der eg har samla nokre gode ressursar som kan hjelpe deg på veg.
Oppskrifta kjem på e-post etter bestilling som ein PDF tilpassa telefonen din.