lys rødtre 60 sateng

lys rødtre 60 sateng

999,00 kr
  • 60x60cm med rullefald

  • plantefarga med rødtre og reseda

  • 100% silke sateng

Sateng er den klassiske silke-kvaliteten med ei blank og skinnande side, og ei litt mattare. Den luksuriøse og skinnande sida gjer at plantefarga verkeleg får kome til sin rett, det er nesten som om farga blir levande. Satengen er også litt tjukkare og blir ikkje like lett krøllete, og legg seg utruleg fint. Med andre ord, det perfekte tilbehør til kvardags og fest.

Sovesveis miksar tidlaus eleganse med skandinavisk handverk. Plantefarging har ein lang tradisjon i dei nordiske landa, der ein brukar det naturen har å by på for å tilføre farge. Med eit silkeskjerf frå sovesveis får du eit unikt tilbehør laga av naturlege materiale med farge rett frå naturen. Kvart skjerf har ei unik farge, og silkeskjerfet ditt er like unikt som deg.

  • blankt skjerf frå Hangzhou Zhigeng Silk Co.Ltd

  • ID: 23-04

Sold Out
Legg til i handlevogn