dekonstruksjon av logoen

Det har ikkje vore lite eg har vore innom av nisjer, til trass for at alle seier det viktigaste ein kan gjere når ein lager ei personleg branding, er å finne ei, maks to, nisjer. Det er rett og slett for mykje eg har lyst til å utforske og prøve meg på. Men logoen har alltid bestått, og uansett kva eg har gjort, har den passa. Noko som fekk meg til å innsjå at eg ikkje har forklart den og betydninga bak, så her kjem ein dekonstruksjon.

Logoen er laga av Ella Barcley i 2018. Me gjekk saman på vidaregåande og ho har alltid vore i ei klasse for seg sjølve når det kjem til grafisk design. Det er ikkje rart ho seinare kom inn på Kunsthøgskolen i Oslo. Eg ba om ein enkel logo basera på eit anatomisk hjarte.

Det anatomiske hjarte er for meg eit symbol på det rå, ekte og sjølve livet. Ikkje berre trengs hjartet for å halde kroppen i livet, det trengs for å kunne skape. Slik eg ser det, skaper ein med hjartet - det gjer hvertfall eg så godt eg kan. Og den skapende prosessen kan være blodig og grotesk (billedlig sjølvsagt).

Logoen visar hovudårene, og eg syns dei er eit fint symbol på alt som kjem inn av tankar, kjensler, inspirasjon og korleis dette seinare kjem ut i form av tekst, foto eller kva enn det måtte være. Det pumpar ikkje berre blod for at kroppen skal leve, men idear slik at eg føler sjølv at eg lever. Mogleg det er ein klisje, men eg ser på hjartet som ein motor, og då spesielt i min skapande prosess.

Eg elskar korleis Ella fekk med eit hjarte-symbol i logoen. Det blir ein slags metamorfose mellom det tilsynelatande perfekte, og det ekte og tidvis groteske.

Kva syns du om logoen? Tolkar du den på nokon annan måte?