Heisann, OIa G. Snippen her! Alle seier at ein må velge seg ein nisje, men eg har heller valgt meg ein filosofi. På denne nettsida kan du finne alt av det eg driv på med. Velkomen til mi lille digitale verd.

Sidan eg stjal pappa sitt nedstøva kompaktkamera når eg var 8 år, har eg fotografert. Kameralinsa har vore min måte å oppdage og utforske verda på. Eg trur på kunst og design som får ein til å sjå og sette pris på dei små tinga. Sidan 2023 har eg jobba med å starte kunstkontaineren, som er eit mobilt kunstgalleri med mål å få kunsten ut til folket.

Våren 2023 leverte eg bacheloren min i kunst, design og handverk frå Høgskulen i Volda. I oppgåva utforska eg eit magisk blikk på naturen, og korleis dette kan inspirere til å ta betre vare på den. Sjølv om eg ikkje er nokon friluftsperson, meiner eg naturen er det kjæraste me har, og det er naturen som gong på gong inspirerer meg. Kjærleiken for natur, resulterte og i merket sovesveis - der eg plantefargar silkeskjerf og andre naturlege fiber, som du kan kjøpe her på nettsida.

 
 

spander ein kaffi
50,00 kr

Ynskjer du å støtte mine kreative sysler, kan du gjere det ved å spandere ein kaffi på meg. Dette er ein eingongssum, som vil gå til å jobbe vidare med kunsten og andre prosjekt.

 

 

bli betre kjent med meg på instagram: