eit halvår med dreiing

Haustsemesteret 2022 skulle eg eigentleg på utveksling til Bath, England og ta fag i motefotografi. Grunna boligkrise, fann eg ingen plass å bu, og måtte kaste meg rundt og omstille meg til å reise til Volda igjen, der keramikk- og treverkstaden venta. Det var nemleg ein av grunnane til at eg ville på utveksling, for å slippe leire og tre. Men no, har eg funne ro, ikkje nødvendigvis i materiala, men på dreieskiva, og på dreiebenken. Dette semesteret har eg arbeid med dreiing av både leire og tre, og dette er mine tankar.

Som om ikkje kjennskapen eg hadde til tre som materiale var begrensa nok, så hadde eg endå mindre kjennskap til leire som materiale og dreiing som teknikk. Det opplevdes likevel som eit særs interessant semester når eg valte å arbeide med ein nokså lik teknikk, i to ganske ulike materiale.

For den som har like lite peiling som eg hadde i byrjinga av dette semesteret, så kjem her eit par forklaringer. Dreieskiva, er mettallgreia som gjeng rundt og rundt og som ein plasserer ein klump med leire på. Du har kanskje sett nokre videoer på instagram av kjekke menn som veldig sensuelt formar ei potte ut av ein rå klump leire, om ikkje, tenk filmen Ghost frå 80-talet. Det ser uhyre enkelt ut, og romantisk, men det er det diverre ikkje.

Å dreie leire er ein veldig mykje meir teknisk affære enn ein skulle tru. Det er visse steg ein må gjere for å i det heile teke kunne forme noko ut av klumpen med leire. Ein må kna i ein spesiell teknikk eit visst antal gonger, leira må være ei viss fasthet, ein må sentrere, dra opp, forme botnen, gjere ei grunnform osv. Og det handler like mykje om korleis ein innstiller seg mentalt, som kva ein faktisk gjer med henda. Ein må finne ro, være bestemt, men også øm og audmjuk.

Sjølv om dei seier at leire er eit dødt materiale, vil eg driste meg til å seie at eg syns det levde i absolutt beste velgående. Eg møtte meg sjølv på dreieskiva, for som menneska, kan også leira bli trøtt, stressa og lei. Då kollapser ho i hendene dine på dreieskiva, eller så klarar ho å halde seg til første, eller andre brann, men då klarar ho ikkje meir og sprekk opp. Det er ein fin metafor, når ein tenkjer over det.

På dreiebenken derimot, der ein kan forme eit stykke tre, må ein være bestemt, hard og sjøvlsikker. Også her må ein ha rette innstillinga. Du må være klar for å stå i stormen, av bark og sagflis som blir kasta mot deg i det du køyrer jernet inn mot emnet. For her står du med eit jern med skarp egg, som skjærer av treet som roterer. I staden for å dra i den retninga du ynskjer, må ein her skjære vekk det ein ikkje ynskjer. Ein må sjå forma som ligg inni emnet, som høyres ut som ein veldig svevende ting å si, men slik er det faktisk.


Brukskunst, har vore eit begrep som stadig har kome opp denne tida. Det store skremmande spørsmålet kva er kunst? er jo der alltid, men brukskunst er eit litt meir folkeleg begrep på mange måtar, kanskje? Eg tenkjer at alt ein omringer seg med som ein syns er fint, vakkert eller som gjer ei anna viktig kjensle, er god kunst. Og då er det jo berre praktisk om den også har ein funksjon og ein bruk. Ein keramikk-kopp er kunst, og ei lampe i tre kan være konseptuell kunst. Det er berre opp til kvar enkelt å døme kva som er god kunst for ein sjølv.

På mange måtar har dette semesteret vore det moroaste for meg i dette løpet.. Kanskje er eg blitt hypnotisert av all dreiinga…?