Framsnakk frå 2022

Her er eit knippe norske folk, bedrifter og kreatørar eg har lika spesielt godt i 2022.

 

Hasla Løkkeberg Agency - Stine Hasla og Helena Løkkeberg

Dei to damene bak foto-agenturet tek naturlege, ekte, men også draumande, analoge fotografi og blandar det naturlege og det urbane i perfekt harmoni. Eg sendte dei nokre silkeskjerf frå sovesveis, som dei tok med seg på tur og fotograferte i Montenegro - magisk. Mot slutten av året kom dei ut med tredje utgåve av magasinet deira kontakt, som jevnt utviklar seg frå utgåve 1 (som eg var med å utforme), og eg gler meg til å sjå kva meir dei gjer framover. Følg dei på instagram her.

Sandy Holt Ceramics

Sandy har eg følgt i fleire år, men når eg i år tok emne i leire, har ho betydd ekstra mykje. Holt lagar delikat og moderne keramikk, som er langt unna det mange kanskje vil tenke på som typisk keramikk. Her er det lite mørkebrunt og teksturerte vaser, men deilig pastell og perlemor. Ho viste meg ei ny side ved keramikk, og danna til og med utgangspunktet for eksamensoppgåva mi. Sjekk ut keramikken hennar på instagram.

Skald forlag og Nynorske klassikarar-serien

I år var eg så heldig å få være praktikant i mitt favoritt-forlag (om det er lov å seie), Skald i Leikanger. Dei står bak fleire av mine favorittbøker, og eg fekk moglegheita til å jobbe med serien deira med nynorske klassikarar. Det meste eg har lest i år, har vore deira klassikarar. Det er så moro å sjå eit lite lokalt forlag som har så stort fokus på design, taktilitet og alt anna eg elskar ved bøker. Eg anbefaler sterkt deira nyaste klassikar med eit utval tekstar av Pessoa.

Gina Fjelde bak @readingwiizard

Ei som les masse klassikarar, er Gina, bak bok-instagramen @readingwiizard. Ho er sjølve biletet på dark academia estetikken som er så populær. Ho deler vakre bilete av vakre bøker, kunst, arkitektur, og stemning. Alt eg får lyst til er å rulle meg inn i eit teppe, skru av alt lys, tenne stearinlys og ta fram ei god bok, gjerne ein klassikar, sjølvsagt.

Fru Steen

I år var året eg kjøpte min første fyllepenn og falt pladask. Der har bedriftene Tudos og Fru Steen vore til stor inspirasjon. Sistnevnte deler sin kjærleik for fyllepenn og nydelige skriveredskap på instagram, og har gitt meg tilbake gleda ved å skrive for hand. Ho svarar på alle spørsmål eg har kome med på instagram og eg ynskjer meg alt frå nettbutikken hennar.

Fluo Paper Co. - Birgitte Lindtvedt

No lagar Birgitte fargerike og folierte bryllupsinvitasjoner og notatbøker i sterke fargar. I byrjinga av året laga ho også visittkort, merkelappar og meir. Og her bestilte eg merkelappar til sovesveis, som på mange måtar har blitt sjølve biletet på merket. Birgitte har inspirert meg til å tørre å bruke fargar, og du kan sjå hennar fargeglade verd på nettsida www.fluopaperco.com.

Kva skaparar har du lika spesielt mykje i 2022?