Tappenstreken

I dag gjekk eg min første tappenstrek. Toget på kvelden av nasjonaldagen som skal signalisere at dagen er slutt. Der skal ein gå 4 i rekka og marsjere i takt.

Venstre fot ned når stortromma slår, har eg fått beskjed om.

Eg er redd eg ikkje skal få det til. At eg skal stå der som den eine som ikkje treff takt og som folk vil le av.

Men eit titalls meter inn i marsjen, er eg der eg skal være. Eg følgjer takta. Eg følgjer straumen.

Det er lett å følge med straumen, og skulle ein miste flyten, er det berre eit par hopp for å kome tilbake til han.

Her er eg ikkje lenger berre meg. Eg er noko større. Og mindre. Eg er ein del av eit fellesskap, men meg som individ er irrelevant.

Ingen bryr seg om meg, men alle bryr seg om fellesskapet.