Innlegg i kreativ
er eg nødvendig?

Eit familiemedlem sa til meg, ganske direkte og hardt, at det eg driv på med ikkje er naudsynt. Vedkommande har ved fleire høve latt det sige ut, i form av små kommentarar og stikk, at det verkar som eg sitt og tvinner tommeltottar og ventar på at pengar skal kome min veg. Sanninga er ein heilt annan.

Les mer
ein slags ode til hipsteren

Hiptseren på tumblr anno 2014 som eg drøymde om å bli fins inni meg ein stad. No sit eg i “hiptserbakken” på løkka, etter å ha fritert hjernen min i vintage-butikkar, kunsthandverk og fancy kafear. Ved sidan av meg sitt ein skjeggete mann med runde briller som les Morgenbladet. Ein kan skimte at det er kunst- og kulturspalta han les. På mi andre side sette det seg nettop ein asiater med bart, som trykkar febrilsk på ein gamal Nokia. Det heile får meg til å sjå at hipsteren 2014 på ingen måte er død.

Les mer
Tappenstreken

I dag gjekk eg min første tappenstrek. Toget på kvelden av nasjonaldagen som skal signalisere at dagen er slutt. Der skal ein gå 4 i rekka og marsjere i takt.

Venstre fot ned når stortromma slår, har eg fått beskjed om. Eg følgjer straumen.

Les mer