Eg har mista motet

Eg veit ikkje kor eg mista det, men eg finn det ingen plass. Kanskje eg la det igjen på sofaen, eller at det ligg på kjøkkenbenken? Eg har leita og leita. Kanskje eg berre må vente på at det dukkar opp av seg sjølv?

Når mamma ikkje finn noko, seier ho alltid: “eg har nok lagt det på ein lur plass”. Men kva for ein lur plass kan ein legge motet? Motet høyrer heime i kroppen.

Av og til er det som om motet stikk av. Som eit lite barn spring det frå meg og ler når eg byrjar å springe etter det. Motet veit at eg ikkje tek det att, men eg spring likevel etter kvar gong, i håp om å nå det igjen før det spring for langt av garde.

Men no har eg altså mista det av synet igjen. Og eg sitt igjen med kjensla av at det er min feil. Eg kan tenke meg det er slik foreldre kjenner seg når dei føler at dei ikkje strekk til for ungane sine.

Så vær så snill, motet. Kom tilbake. Eg saknar deg, og eg treng deg.