fransk eksellense og absurditet

Jacquemus si nyaste visning var alt anna enn nedtona. Den gjekk føre seg på Versailles, der gjestene vart seila ut i båt og såg modellane gå ned langs vatnet på ein skarp raud løpar. Vist på løparen er overdådige siluettar, einsfarga og moderne plagg og nye vesker. Siluettane er tydeleg inspirert av fransk rokokko og overdådig eksellense - Marie Antoinette med andre ord. Shorts og kjolar har overdreve volum, spesielt i hoftene. Hadde den franske mote-dronninga levd i dag, hadde ho elska denne kolleksjonen.

Det er spanande å sjå at Jacquemus lanserar eit par nye veske-modellar. Sjølv om trendanalytikarar meiner den store veska kjem tilbake (etter mange år med mini-vesker takka vere Jacquemus), lanserar dei Le Bambino i mini-versjon for første gong. Den får du nok berre plass til øyreproppar i, men då har du moglegheita til å høyre på musikken som akkompagnerer visninga - for då vil du føle deg som ein rojal.

Vanlegvis er det den siste kjolen som skal avslutte showet med eit pang, men her er det tre store pang. Ein blå, ein kvit og ein raud, som slik danner fargene i det franske flagget. Alle har langt slør som flagrar vakkert i vinden. Det er vanskeleg å ikkje kjenne på nasjonalismen og kjærleiken til landet som designaren formidlar i kvar visning. Og dette må vere den mest franske kolleksjonen han nokon gong har presentert. Spanande minimalisme, få, men tydelege fargar og synlege nipplar.

Jacquemus har gjort det igjen, og sjølv om antrekka frå denne visninga ikkje er blant mine favorittar, ser eg absolutt kvaliteten i arbeidet til den franske designaren. Og ikkje minst er det historieforteljinga som Simon får til. Eg har ikkje sett ein like god designar med forteljarstemme sidan Alexander McQueen, og eg håpar for Guds skuld Simon ikkje lid same skjebne.

Eg føler at eg er vitne til (gjennom direktesending på YouTube) eit stort motehus si byrjing. Og når ungan mine fortel at dei ynskjer seg noko frå Jacquemus, kan eg seie at eg følgte med sidan starten og heia på Simon Porte Jacquemus heime frå sofaen i Noreg. Vive la france!