ein slags ode til hipsteren

Hiptseren på tumblr anno 2014 som eg drøymde om å bli fins inni meg ein stad. No sit eg i “hiptserbakken” på løkka, etter å ha fritert hjernen min i vintage-butikkar, kunsthandverk og fancy kafear. Ved sidan av meg sitt ein skjeggete mann med runde briller som les Morgenbladet. Ein kan skimte at det er kunst- og kulturspalta han les. På mi andre side sette det seg nettop ein asiater med bart, som trykkar febrilsk på ein gamal Nokia. Det heile får meg til å sjå at hipsteren 2014 på ingen måte er død.

Eg vil rette ein hyllest. Til dei med tote-bags frå Astrup Fearnley frå ei utstilling dei aldri såg.

Til dei med lange frakkar som står i parken og røykar sigarettar og konsentrerer seg alt dei kan om å ikkje hoste, slik at folk skal oppdage at dei røykar kun for estetikken.

Til han som vart ein smule gira når bestefar døde og fekk arve mange gamle skattar som han kan skryte av at ikkje er kjøpt på ein vintage-butikk, men at det er arv og at det har “ei historie”, sjølv om han aldri eigentleg kjente bestefar så godt.

Til alle dei som brukar meir tid på skjegget og barten sin, enn det dama gjer håret sitt.

Til dei som brukar silkeskjerf som skaut og ser ut som feriebileta til bestefar av bestemor.

Til han som les bøker han på ingen måte skjønar, men som såg fin og smart ut.

Til den som fant eit analogt kamera på bruktmarked og no brukar det som eit tilbehør som ser kult ut, fordi han ikkje veit korleis det funkar.

Til dei som stolt fortel at dei ikkje har handla i ein vanleg klesbutikk, berre vintage, på mange år.

Til han som føler seg naken utan signet- og sølvringane sine.

Til dei som syns det er flaut å handle plater på Platekompaniet, og må handle på “Big dipper”

Til fedrene som trillar tur på Nasjonalmuseet og sankar beundring frå dei eldre kunsttantene.

Til han som kjøper overprisa matcha latte med havremjølk sjølv om han er seint ute til ei opning.

Til alle dei med briller som truleg ikkje treng det, og med fiskerluer så små at dei slit med å halde seg på hovudet.

Eg takkar for inspirasjonen.