Korleis få meir ut av kunst:

Etter 3 år på eit kunst-studie syns eg pensum om analyse har mangla eit oppsett “vanlege” folk kan bruke i møte med kunst. Teorien har lite rom for tolking og manglar sjåarens eiga oppleving av gitt verk. Difor har eg tatt meg friheita til å gjere greie for nokre punkt personen i gata kan bruke i møte med kunst, for å forhåpneltegvis kunne senke terskelen for å ut og oppleve kunsten. I denne analysa, stiller ein seg sjølv tre spørsmål som alle byrjer med kva. Kva ser eg? Kva assosierer eg? Kva føler eg?

Kva ser eg?

Analyse kjem frå ordet oppløsning og her handlar det om å stille seg spørsmålet om kva ein faktisk ser. Løs opp verket og beskriv for deg sjølv kva du ser. Kva er hovedmotivet her, kva farge har bakgrunnen, kor stort er verket? Det kan føles unaturleg og klønete med det første, men det å gjere seg bevisst kva ein ser, for så å legge merke til kva ein ser mest på, er hjelpsomt.

Kva assosierer eg?

No handlar det om å trekke linjer utover det du reint faktisk ser. Får du nokre assosiasjonar til historien, eller noko du leste ein plass? I ein museums- eller gallerisetting, vil du truleg få tilgong på informasjon som tittel, kunstnar, teknikk og ofte dato. Det gir deg ein sjanse til å trekke linjer til verdshistoria, til dine eigne erfaringar med materiale eller noko anna som set verket i ein større samanheng. Ved å tenke over dette sett ein verket i ein samanheng utanfor kunsten og på den måte ufarleggjer den.

Kva føler eg?

Til slutt er det berre å la tankane flyte. Kva slags kjensler får du? Dukkar det opp nokre minner frå ditt eige liv? Er det nokon du kjenner som dukkar opp i tankene dine? Korleis kjenner du deg når du ser på verket? Opplever du at det gjer deg noko? Det kan være ei fin øving å sette av 1, 5 eller 15 min for å sitte å sjå på verket. Kanskje då vil du oppleve at verket møter deg, og at du møter det.


Hugs: om du kjenner etter alle desse tre punkta at verket ikkje vekker noko i deg, er det heilt ok. Det er ingen fasit innan kunsten, og noko vil nokon like, mens andre vil hate det same. Du har ikkje gjort “feil”, du har berre innsett at den typen verk ikkje gir deg noko, og det er ein siger det også.

Nyt kunsten!