identitetskrise for Gucci

Fredag den 13. stod Gucci si første visning etter Alessandro Michele. Den tidligare designaren byrja i Gucci i 2015, og har sida den gong tredobla inntekta til Gucci. På mange måtar fekk Michele den klassiske Gucci opp og fram i det moderne lys og noko eg vil våge meg til å kalle ei av Gucci sine storhetstider. Så det er vanskeleg å ikkje være skeptisk til deira nyaste visning utan italienaren i spissen.

Idet modellane kjem ut i noko som kan minne om ei rundkøyring med eit band i midten, tek det ikkje lang tid før ein skjønar kor dette ber. Det maksimalistiske, fargerike og eklektiske Gucci er forbi. På catwalken ser ein minimalistiske frakkar, som eg ikkje hadde takka nei til sant skal seiast, og leggvarmarar, pusete vesker og eit par kjeledressar som kan minne om alt for store malingsdressar i plast. Sistnevnte vart styla med ein stor blå veske i plast, som for dei fleste vil minne om IKEA-posane.

Nye Gucci skal ha for å utforske feminine siluettar, då spesielt når det kjem til bukser og sko. Eg personleg er ikkje noko fan av leggvarmarar, hvertfall ikkje i støvlettar, men med 90-talet godt på veg inn i motebiletet, skjønar eg kvifor dei har gjort det. Kanskje det blir det neste?

Det presenteres fleire nye vesker, som blir spanade å sjå kva vil koste. Gucci har dei siste åra skrudd kraftig opp prisane deira, spesielt på vesker. Den klassiske dionysus-slangen er festa på eit nytt og litt større design i ein meir avslappa struktur. Den kan minne litt om Coach sin Tabby, spesielt når den blir “padded”.

Det er tydleg at dei ikkje veit kven dei er, eller kven dei skal være. Ein kan sjå inspirasjon frå andre store merke som Prada, Jacquemus, Dior, og verst av alt Balenciaga. Logoen til Gucci blir vist i alle dens variantar på alt av vesker, sko og racer-jakker. Det er vanskeleg å spotte to logoar som er like, og det er kanskje det einaste fellestrekket her, at ingen er like.

Kolleksjonen vekslar mellom tidlause klassiske plagg som frakkar, blazerar og jeans, og 80-talets skulderputer og glitter. Det er vanskeleg å sjå kva designaren her prøvar på. At herrekolleksjonane ikkje er høgst på prioriteringslista til dei store motehusa, er ikkje noko nytt. Men ein skulle forvente at etter ein såpass vellukka periode for Alessandro Micheles Gucci, skulle starte med eit pang…

Kven har eigentleg designa denne kolleksjonen? På slutten av visninga er det ingen designar som kjem ut for å presentere seg for verda, noko eg trur dei fleste venta spent på. Er vedkomande for flaue til å stå inne for kvar dei har lagt den nye lista for Gucci?

Sjå heile visninga på Gucci sine sider.