kvifor ull er gull

Nordmenn er ikkje framande for ull, og har ei rik historie når det kjem til bruk av materialet. Men kvifor er ull gull eigentleg?

Årleg produserast det omlag to milliardar kilo ull, i følge Store Norske Leksikon. Sjølv om Noreg har ei sped mengde produksjon samanlikna med dei som produserar mest i verda, er vi likevel dei som produserar mest i Norden. Det er mange dyr som gir oss ull, men her til lands er det sauen som står for det meste.

For oss nordmenn, er ullas varmeisolerande eigenskap ofte den viktigaste. Grunnen til at den isolerar så godt, både varme og kulde, er fordi fibra består av 80% luft. Det gjer at ulla også kan ta til seg mykje fukt, før den faktisk vil opplevest som våt. I varme land brukast den til å hindre overoppheting, og det gjer den perfekt både når ein er aktiv og stillesittande.

Ulla er diverre ikkje så slitesterk, men til fordel er den spenstig og har ei evne til å gå tilbake til si opprinnelege form. Ubehandla ull vil tovast i vask, men kan kjemisk behandlast for å ikkje krympe, også kjent som superwash. Mange har truleg erfaring med ull som klør, men i dag er heldigvis ikkje dette eit problem lenger.

Heldigvis er ubehandla ull lett å reingjere, då lort og søl berre legg seg på utsida av fibra. Då kan ein nytte ein fuktig klut eller eit papir og tørke bort sølet. Behovet for å vaske det ofte, er difor ikkje stort, og ein kan fint riste og henge ullklede ute i frisk luft (berre helst ikkje i direkte sollys).Ein skal helst ikkje vaske ulla så ofte heller, og det sparar både miljø og lommebok, i denne økonomien…

Som eit naturfiber, er ull nedbrytbart og etterlet i seg sjølve ikkje store avtrykk på naturen. Det er også mogleg å resirkulere ullplagg. Då blir fibra rive opp for å kunne danne ei ny masse som kan brukast til garn, tekstil osv. Men, kvaliteten vil då bli dårlegare enn heilt “fersk” ull.

Ull kan blandast med andre fiber, men for å behalde dei gode eigenskapane, må det være minimun 50% ull i miksen. Ulla er nedbrytbar åleine, men ikkje nedbrytbar i kombinasjon med til dømes polyester. Til gjengjeld vil polyester auke slitestyrken på plagget. For å sikre høg kvalitet på ull, fins det eit kvalitetsmerke kalla Woolmark. Det skal garantere at ulla er rein ny ull med minimalt ureinheter.

 

Kva å tenke på når du skal handle ull?

  • kor mykje ull er faktisk i plagget?

  • treng eg syntetiske fiber i miksen for å styrke plagget?

  • er denne ulla behageleg i kontakt med kroppen?

Korleis ta vare på ulla?

  • unngå å henge ull ute i direkte sollys over lang tid

  • ikkje vask i maskin meir enn nødvendig

  • la tørke flatt når vått

  • nupper kan fjernest med nuppefjerner eller barberhøvel, men ikkje press for hardt, då kan du lage hol