4 gode bøker frå norske forfattarar

I innspurten av bacheloroppgåva mi, bestemmer eg meg for å ta ei full veke med arbeid på bokhandelen - smart, Ola, veldig smart. Flaks for meg at eg er glad i å lese, og at eg overhodet ikkje kvir meg for å lese til bacheloren. Så når eg no sitt her, tenkte eg å kome med nokre tips til bøkar av norske forfattarar som eg håpar du kan ha like stor glede av som meg.

Erlend Loe - Helvete

Det er få forfattarar som får meg til skrattle, om det i heile teke fins nokon andre enn Erlend Loe. Helvete er ein enkeltståande bok som handlar om ei nyskilt mor som finn porten til helvete i hagen i det nye rekkehuset hennar. Her oppdagar ho mykje og forelskar seg på ny i ein nokså spesiell kar. Det som får meg til å le mest, er dei små detaljane nedi helvete, som at alle der, inkludert satan sjølv, snakkar nynorsk, og i resepsjonen er det ei skål med kun banan-twist. Om ein kan velge eit helvete, ville eg reist til Loe sitt - nynorsk og banan-twist for life!

Marie Aubert - Voksne mennesker

Sett i eit norsk ferieparadis, fortel hovudkarakteren om urettferdige familierelasjonar, og refleksjonar rundt barn eller ikkje barn. Den, i følge familien lite vellykka, kvinna tek oss med på somarferie der ho skal fortelje noko ho veit ikkje vil felle i god jord. Boka handlar om korleis nokre foreldre faktisk klarar å velge eit favorittbarn, om forventningane om å stifte familie og er skrivi forfriskande negativt. Den seier ting ein elles ikkje kan seie høgt, og den er deilig direkte. Perfekt lesning på familieferie, når du kjenner du eigentleg er lei av familien.

Karl Ove Knausgård - årstid-encyklopedi

Knausgård er ein omstridt forfattar som skriv bind på bind med bøker som er for spesielt interesserte, slik eg ser det. Men han har ein kvartett som består av brev til ei ufødt dotter om ulike aspekt ved livet til far hennar, og om livet som ventar. I motsetning til Knausgårds kamp, er desse bøkene kortare og meir konsise (utan at eg eigentleg har lest min kamp). Serien startar med om høsten, og eg las bøkene parallellt med årstidene. Dette har ikkje mykje å seie, men det bidrog til at eg naut bøkene meir, då eg fort kunne slukt desse på ein liten månad. Kvar bok inneheld kunstverk av fire kjente norske billedkunstnarar og tilfører den klassiske romanforma noko nytt.

Erling Kagge - Kunsten å samle kunst

Det har skjedd eit par gongar at eg har gløymd at foreleggaren bak Kagge Forlag sjølv skriv bøker, men når eg hugsar det att, blir eg forelska på ny. Kagge er så langt unna meg med sin eventyrlyst og reiser over Antarktisk, men han må skrive fleire bøker snart, for eg har lest alle. I kunsten å samle kunst skriv han åpent om korleis kunstverda funkar for ein samlar. Han har sjølv ei stor samling og kjenner store navn i kunstverda, og her får ein stor innsikt i verda som er uventa prega av mafia-virksomhet. Om du er kunstsamlar sjølv, eller er nysgjerrig på kunstverda, er denne boka for deg!

Alle desse kan kjøpas på ARK sine nettsider. Dette er ikkje sponsa (dessverre…)