oppi handlenettet mitt

Handlenettet, tote bag, berenettet - kjært barn har mange navn. Og gud om det har blitt kjært for mange dei siste åra. Det er umogleg å gå nokon stad utan nokon med eit naturfarga berenett med noko hipster-trykk. Og det er forståeleg det - det er jo så praktisk. Av og til sitt eg og lurar på kva menneska på gata har oppi handlenetta sine. Om nokon har lurt på kva som er oppi mitt, er det berre å lese vidare.

 
  • bøker - nokon sa at ein aldri kan stole på nokon som ikkje har med seg ei bok, og eg er eining. Eg plar ha med to bøker, ei skjønnlitterær og ei meir fakta, slik at eg har noko å lese uansett humør. Akkurat no har eg med den nyaste klassikeren til Skald, “då Ivan Iljitsj døydde”, og “gå” av Erling Kagge.

  • fujifilm kamera - eit lite kamera med innebygde film-simuleringar som tek foto på same måte som analog film. Då får eg dem same draumande effekten utan å bruke tusenvis av kroner på film og framkalling, og eg slepp å bruke timar på å redigere bilete i etterkant.

  • lita toalettmappe - kjærasten min ertar meg fordi eg har med meg alt mogleg og samanliknar meg med Mary Poppins (som ikkje er noko dårleg samanlikning forøvrig). Eg har alltid med meg ei lita mappe med paracet, sammenleggbar tannbørste, tannkrem, liten parfymeprøve, gnagsårplaster, lypsyl, plaster og solkrem.

  • notatbok - eg elskar Moleskine og dei kom nyleg ut med ein “medium”-storleik, som eg har blitt skikkeleg glad i. Dei siste notatbøkene, har eg bruka blankt papir, for då kan eg ytre meg fritt på papiret.

  • fyllpenn - om eg ikkje har med meg penalhuset, har eg hvertfall med meg ein fyllpenn. Og eg lovar at det ikkje er fordi det er noko ein hipster ville gjort - det er rett og slett fordi eg ikkje likar kulepenn, og kryssordpennen eg bruka før ikkje er tidsbestandig og blir fort viska ut. Difor gjekk eg over til fyllpenn, som er overraskande smooth å skrive med. No som alt blir så mykje dyrare, er det verdt investeringa, for den kan fyllas på i det uendelege og kjem til å vare meg livet ut.

  • airpods - eg kan av og til bli litt overvelda av verda omkring, og difor må eg alltid ha med airpods, slik at når eg treng å kople ut, så kan eg sette på musikk og tenke på noko anna.

  • sovesveis-caps - fordi håret mitt lev sitt eige liv til tider, og eg treng ein caps som kan, om ikkje temme det, hvertfall skjule det.

  • lommebok, lader, ei flaske og lypsyl med solfaktor

 

Kva har du i ditt handlenett?