Ekfrase til utstilling HAVET ved KHÅK, februar 2022

Bokstavene HAVET slår meg bastant i fjeset i det det møter oss i døra. Eg tenker at dette må handle om båtflyktninger, plast i havet og andre dramatiske og dystopiske politiske tema. Og eg stålsett meg for å oppleve negative og ubehagelege kjensler. 

I det kulda stenges ute bak oss, møter ei smilande jente oss som skal vise utstillinga om litt. Men først får me lov til å utforske på eige hand. Det intrikate tregolvet, som er eit kunstverk i seg sjølv, fører meg inn i lokalet og masse fargeglade objekt er det som treff meg. Blikket mitt saumfarer romma for døde barnekropper, eller kvelte sjødyr. Men eg finn ingen. 

Det å bli sendt inn i denne utstillinga åleine, fekk meg til å føle meg som eit barn som fekk lov til å utforske ubegrensa. Sjølvsagt var den vaksne fornuften der og sa at det ikkje var lov å ta på noko, men når guiden seier dette er lov, blusser det opp ei glede og nysgjerrighet i meg, som eg berre kan hugse frå då eg var liten. 

Eg blir dratt tilbake til sommarane på Jomfruland. Då eg ikkje hadde bekymringer, bada og opplevde naturen barbeint. Eg skar meg på rur, sklei på glassmaneter og såg alt havbotnen hadde å by på gjennom dykkermaska.

Utstillinga inneheld både 2- og 3-dimensjonale verk frå to kunstnarar. Ei som er kjent med det flate og ei som er kjent med det taktile. Alle mine nevnte opplevelser frå Jomfruland, har blitt foreviga i denne utstillinga. Ein vegg med rur laga av skjøre serviettar, og dykkermasker som ein kan sjå gjennom og oppleve havet. På golvet ligg tre plater med anemone-liknande objekt, som gjer meg ei barnsleg stor glede av å ta og kjenne på. 

Heile utstillinga oppleves leiken, taktil og lystbetont. Kunstnarene sine fascinasjoner for havet, er særs tydleg. Dei ville ikkje gjere ei politisk utstilling, men det eg sitt igjen med er at eg ynskjer å beskytte havet og heile verda den inneheld. Det er første gong eg gjeng ut av ei utstilling med havet som tema og føler meg lett, leiken og klar for å redde det store havet.