framlegg av skulptur med tittel "faen"

Manus til framlegg av skulpturoppgåve ved Høgskulen i Volda.

Konseptkunst har alltid interessert meg. Men arbeidet med skulpturen og konseptkunst har vore ein lang og slitsom prosess. Perioden har bydd på eksistensielle spørsmål og utfordra meg på kva kunst er. Aldri har eg opplevd ein slik type prosess, og eg klarer ikkje heilt sette ord på kvifor det har vore på denne måten. Men eg skal no ta dykk gjennom prosessen frå start til slutt.

Som person, og difor også kreatør, er eg ikkje glad i å rope mi meining. Andre Aciman skreiv i si bok «finn meg» at «jeg er kunstner, min venn, jeg beskjeftiger meg ikke med svar. Kunstnere kjenner ikke til annet enn spørsmål.». Dette satte for første gong ord på kva eg føler er mi rolle som kunstnar (om eg skal være så pompøs å kalle meg sjølv det).

Det første eg gjorde, var å finne fram idear eg har samla over åra og såg på kva som kunne vore aktuelt i denne oppgåva. Blant desse ideene var det ein gyngehest med ein gagball i munnen som eit utforsking av barndom og uskuld, ei bilderamme i gull festa til ei digital bilderamme som spørsmål rundt den digitale kunsten, og nokre briller lagt på golvet, som referanse til hendelse ved eit galleri i San Fransisco der ein besøkende mista brillene sine på golvet og folk trudde det var kunst. 

Med ein god del idear skrevne ned, tok eg til å finne interessante objekt for å skrive tinganalyse. Eg tok utgangspunkt i objekt og ting eg allereie hadde heime, blant anna gamle briller, ein gaffel, caps, ei falsk rose, telefonen min, og ein penn. Tinganalysen tok utgangspunkt i pensumboka «ting på nytt». Å skrive ei tinganalyse ga meg overraskande lite når det kom til nye idear og tankar. Kanskje fordi eg ikkje klarte å rive meg frå eigne assosiasjoner og sjå objektet i eit metaperspektiv. Men det å analysere objekta, fekk meg til å innsjå at det er dei kvardagslege tinga som fangar mi interesse. 

Eg fekk ein ide om ein skulptur som eit portrett av ein tidlegare lærar eg har hatt. Denne læraren betydde mykje og var som ein far for meg. Han lukta alltid av kaffi og røyk, og gjekk alltid med ein bitteliten porselenskopp, som tilsynelatande aldri vart tom. Denne læraren fekk meg til å føle meg trygg i dei usikre tenåra. Ideen var å finne ein slik kopp, ha kaffirestar i han, og sneipe ein røyk i koppen, for å illustrere denne personen. Problemet med denne ideen, er kanskje at sjåaren ikkje kan lese akkurat dette i skulpturen. 

Tankekart er ein teknikk eg likar, og som Lerdahl skriv mykje om i sine bøker. Kvart tankekart tok utgangspunkt i ein enkelt gjenstad, og i eit eige tankekart prøva eg å finne koplingar mellom gjenstandane. Ein dag eg stod fast i arbeidet, fant eg på ei øving å gjere med Elise. Den gjekk ut på at me skulle samle 5 ting kvar, som me skulle gi til den andre, som skulle gjere dette om til ein skulptur. Ingen av ideane som vart gjort i denne øvinga vart med vidare i prosessen. Men det var ei morsom øving, som fekk meg tilbake i flyt.

Gjennom prosessen har eg tenkt at koppen skulle være plan B. Men eg kom alltid tilbake til den. Det starta som eit portrett på ein person som har betydd mykje for meg. Ideen førte med seg nye store spørsmål og utvikla seg til å bli noko som stiller spørsmål rundt kunstinstitusjonen. Er noko som fortel noko om mitt liv interessant når eg ikkje har eit kjent navn?

Danbolt skriv i boka «frå modernisme til det kontemporære» at det var først når galleri og museum tok inn konsept-kunst mm. at det vart ansett som kunst. Han skriv at desse instutisjonane har definisjonsmakt over kva som er kunst, og styrer på mange måtar kva vi ser på som kunst. Når det nye Munchmuseet åpna i Bjørvika i 2021 var åpningsutstillinga ei utstilling med Tracey Emin. Sentralverket i utstillinga var senga hennar som ho har ligge i. I senga og på teppet under, kan ein sjå spritflasker, tørkepapir, røyksneiper, strømmer og anna som har hopa seg opp. Dette er eit verk eg syns er utruleg spanande. 

Eg tenkte koppen kunne være ein kommentar til dette. Korleis er ei brukt seng kunst? Har dette noko med navnet til kunstneren å gjere? Om eg, som ukjent kunstnar, skulle gått til eit galleri og bedt dei stille ut min kopp, hadde dei truleg ledd av meg og sparka meg ut døra. Har dei god grunn til det? Burde dei slippe meg inn? Kva meiner du?

Ein periode utforska eg byggskum. Eg hadde ei brødform som skulle kastas, men valgte å teste ut korleis det vil sjå ut med byggskummet i forma, og om det ville minne om brød. Ein slik skulptur tenkte eg kunne stille spørsmål rundt kva som er næringsfult i eit samfunn som består av veganarar, kjøttetarar, pesketarianarar osv. Dette syns eg ikkje var interessant til oppgåva. Eg kom tilbake til koppen, og kva den kan symbolisere. 

På same måte som menneske, fins det uendeleg ulike design på koppar, så valet av sjølve koppen var viktig for bodskapen. For kva kan eigentleg ein kopp symbolisere? Denne porselenskoppen kan være eit bilete på overklassen, på det overdådige og det perfekte. For meg assosierer eg denne koppen med den læraren eg hadde på ungdomsskulen og koppane dei hadde på lærerværelset, for andre kan det kanskje minne om ei bestemor. Koppen kan være eit symbol for prat og diskusjon, hygge rundt stovebordet, og den kan være biletet på noko skjørt og knusbart.

Heile perioden har eg overtenkt, stilt høge krav til meg sjølv og overkomplisert. Og eg kom til eit punkt der eg ga opp. Dette vart vendepunktet for oppgåva og kva koppen skulle bety for meg. Den er eit spark bak til meg sjølv - ei påminning om å gi faen. Den fine porselens-koppen med gullkant representerer det «pene» og perfekte. Og den stumpa røyken viser at dette ikkje betyr noko. Koppens integritet, om du vil, blir ødelagt av den ekle sneipen som blir pressa nedi koppen. Skulpturen er på den måten eit bilete av meg sjølv. At uansett kor hardt eg jobbar med eit prosjekt, så må eg av og til berre gi faen. Eg har heile livet fått høre at eg ikkje må tenke så mykje, og dette er mitt forsøk på akkurat det.

Koppen er sett saman av to delar frå eit sett. Eg har bruka Leborg sine prinsipp om visuell gramatikk, og sjølv om plassering kan verke tilfeldig, peker hanka i ein bestemt retning, og sneipen ligg parallellt med linjene i fatet. Dette skaper balanse, samtidig som det er ironisk i og med at den skal symbolisere korleis eg må bli flinkare til gi faen. Koppen er lima med limpistol fast til fatet, og sneipen som ligg oppi er trykt nedi og limt fast med hurtigtørkande lim påført med pensel. Det ligg ikkje noko kaffirester oppi, for at betraktaren kan sjå føre seg kva som har skjedd, og kva som har vore i koppen.

Skulpturen er ikkje teknisk krevjande å sette saman. Men eg har tenkt som dei tidlege konseptkunstnarane som sa at «materialer og gjenstander ødelegges - men ideer lever evig». I mine auge var det difor viktigast å ha ein god ide og tanke bak. Materialene og objekta skal støtte opp under konseptet. Eg kunne gjort ein større kontrast i det vekke vs. Det vakre ved å legge i ei gugge eller noko, men dette ville eg ikkje. Min opplevelse av konseptkunsten i dag, er at den er prega av ekle element for å provosere. Som til dømes Morten Hviskum. Dette var ikkje noko eg ville jobbe med, då mitt mål ikkje er å provosere. 

Etter mykje fram og tilbake, presenterer eg herved skulpturen med tittelen «faen». Tittelen er kun beståande av eit ord, for å ikkje legge for store føringar for betrakteren, men den er nok til at ein skjønar at her er ein frustrasjon. Skulpturen er eit bilete på mitt behov for å prestere og gjere noko perfekt, og korleis dette ikkje alltid er mogleg. Av og til må ein berre gje faen. Koppen fortel ei historie om det kvardagslege og om ein frustrert person.

Denne oppgåva har vore overraskande krevande. Eg har overtenkt, overanalysert og stilt spørsmål ved eigen eksistens. Eg har aldri jobba på ein slik måte, der ideen og tanken bak har hatt så stort fokus og brukt så mykje tid. Ideene kom fort og mange, men det var vanskeleg med eit konsept som traff blink. For meg handla det mykje om balansen mellom å fortelle noko tydeleg nok, men ikkje rope det ut på sjåaren. 

Eg har lært mykje, og endå betre innsett viktigheta av ein systematisk og ryddig prosess. Det å kunne bruke metoder som Lerdahl skriv om, når ein sitt fast, har vore gull verdt. Likevel tenker eg at som kunstnar, handlar det like mykje om personlighet, og kva ein ynskjer å seie eller stille spørsmål ved. Så kva tenker du?